Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb
Her ligg mange lenkjer til bloggar og butikkar.

torsdag 26. oktober 2017

Klubbaktivitet onsdag 1. november


Klubbaktiviteten er serviettdecoupage på stoff. Ta med lyst stoff og ein mjuk brei pensel. Inger Karin tek med decoupagelim og serviettar og viser korleis. Klubbaktiviteten kostar 50,- pr. pers.

JULE-BØTTER

 Liv held kurs laurdag 4.nov. kl.1000 på GU. Ho tar med møbelstoff. Du treng å ta med for, skumgummivatt (Fantasi har), vlisofix, sysaker og evt. pynt. Alle må kjøpe mønster. Påmelding til Margrethe. Kursavgift 300 kr. Påmeldingsfrist er 1. nov.






søndag 8. oktober 2017

Møte i oktober.

Det blei eit kjekt og konstruktivt møte den første onsdagen i oktober!
Det vart lagt planar framover, og vi har mykje kjekt å sjå fram til.
Klubbaktiviteten var nålepute i ullfilt. Kjekk oppgåve!


Ella og farmor!

  
Ella frå Gjøvik på besøk med farmor. Ho har fått utfalda seg på symaskina lenge, og er blitt veldig flink. Interessa og formsansen har gått i arv!


Inger viste fram det nydelege teppet, ein BOM frå Lappemakeriet, med eigne tilpasningar.
Bjørnefotblokker.


Solveig sitt flotte teppe, Great Granny.





Margrethe viste fleire tepper, dette første eit crazy resteteppe sydd på avispapir!


 Curve-linjalen 





Laila sin adventskalendar til barnebarnet Isak. 



Else Pernille si veske frå møbelstoff-kurset til Liv Ingunn.


Svanhild si delikate gardinkappe til kjøkenglaset.


Anna sine produkt, fine bøtter og posar.
  


Marit hadde med flotte kosetepper til barnebarna.




Kari presenterte eit nytt, fargerikt resteteppe!
Utfordring på Lappemakerne, Facebook.



søndag 1. oktober 2017