Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

torsdag 20. mars 2014

Regionstreff på Eid!

Hugsar de denne kaka?

Nordfjord Lappe- og Quilteklubb er  vidkjende for dei flotte kakene dei byr på når dei har treff.
No er det snart regionstreff, og dei har fått svært god påmelding. Der blir ca. 5 butikkar.
For dei som ikkje har vore i Operahuset enda, blir det ei ekstra oppleving å sjå dette bygget.


Melding til dei som ikkje var på siste møte: Send ein mail til meg på denne adressa: elin.grov@enivest.net
så får eg registrert alle i den nye epostgruppa. Skriv telefonnr. og.
Takk!

Påminning om betaling av medlemspengar, sjå kontonr. på gamlebloggen.
Denne bloggen blir langsamt pynta på. Alt tek tid!

Så vil eg oppmode alle om å handle på Ronny Rør i Inger sin hobbykrok. Ho har facebookside, bli gjerne ven der.

mandag 17. mars 2014

Marsmøtet

Her kjem bilete frå klubbmøtet vi hadde hjå Kari Rindal Eide. Det var ein svært koseleg og litt annleis klubbkveld.
Først blomeutdeling til to av dei som gjekk ut av styret i februar.
Deretter blome til blogg-administrator.





Frå syrommet i 2. etg., som er inngongen til hobbyloftet over garasjen. 
Kari fortel om Leaders and enders, saum av småblokker.







Mor til Kari er tekstilkunstnar, her er nokre plakatar og veggteppe i heimen.








Vis og fortel!






























tirsdag 11. mars 2014

Klubbmøte i mars og medlemmane sine mailadresser.

Klubb-kveld hos Kari
onsdag kl. 18

Kari vil vise oss kviltemaskina si. Dette blir spennande!

Ta med produkt til Vis og fortel!

Påmeldingsfrist til regionstreffet på Eid er 15. mars. Tenk ut kva du vil ha med på utstilling. Kanskje kan vi ta felles påmelding?


OBSOBSOBS

Eg har fått stengt/sletta hotmailen min, og alle adressene er vekke. Alt dette har vore utanfor min kontroll. 

 Kan de vere så kjekke å sende meg to mailar til dei to nye adressene mine?
e liggestrek grov alfakrøll hotmail dot com
elin dot grov alfakrøll enivest dot net

Dette er årsaka til at eg heller ikkje får laga nye innlegg på bloggen, og må lage ein ny.


Då sjåast vi i morgon, onsdag 12. mars kl. 18 på Austrheim hjå Kari!

Helsing Elin.

søndag 9. mars 2014

Gloppetausene med ny blogg!



No har Norsk Quiltefestival opna ei eiga nettside. Det er utruleg mykje spennande som skal gå føre seg på treffet på Gardermoen, berre sjå her.






På heimesida vil ein finne alt av opplysningar. Kjende kursleiarar er m.a. Buggy Barn-damene frå USA, Camille Roskelly, Jo Morton, Sue Daley, Lynette Anderson....