Gamlebloggen

Gamlebloggen - Gloppen Lappe- og Quilteklubb

Bloggen starta i februar 2009. Klikk og finn gamle innlegg.

mandag 12. februar 2024

 Årsmøte 7. 02 24

14 medlemmer var samla til årsmøte 7. 02. Referat frå årsmøtet blir sendt ut til alle medlemmer når det er klart. 

Mykje flott på "Vis og fortel!" Sjå berre her: 





                                                        Flott symaskinunderlag!

























 

søndag 4. februar 2024

Innkomne saker til årsmøtet onsdag 7. februar

Sjå epost sendt i dag!

torsdag 1. februar 2024

Velkommen til årsmøte i klubben onsdag 7. februar kl. 18.00

Årsmeldinga er sendt på epost i dag. Håpar alle les gjennom den før årsmøtet. 

(Innkallinga til årsmøtet blei sendt på epost 2.01.24.)

Fristen for innkomne saker er fredag 2.02. 

Styret ordnar med kaffi og noko attåt denne gangen! :)

Kjekt hvis du tek med deg noko til Vis og fortel og pengar til lotteri!😀

Om du har sydd toalettveske til Søstre For Søstre, tek Janne imot! 

Ha ein super helg! 😀


torsdag 18. januar 2024

 Søstre For Søstre

For de som ynskjer å sende pengar til utstyr i toalettveskene, så er kontonr. 125 462 388 98. 

Vippsnr. : 135690

torsdag 11. januar 2024

Toalettmapper "Søstre For Søstre" til krisesenter rundt om i landet. 

På samlinga i går informerte Janne om at Desiree`lappeteknikk som organiserer utsendingar av toalettmapper har gått tom for mapper. 

Janne utfordrar medlemmene i  klubben til å sy ein eller fleire mapper og levere til ho, så vidaresender ho til Desiree. Håpar vi blir mange som syr!! Storleik på mappene: 30x25 cm

Desiree kjøper inn det som skal ned i mappa, og det koster 250 kr. pr. mappe. Denne kontoen står pr. 4. januar på 600 kr. Her kan alle som vil bidra! Vippsnr. 135690

Her er link til facebookgruppa:   https://www.facebook.com/groups/825925790855382/


 Første samling i 2024, 10. januar

Vi var heile 17 medlemmer som møtte denne første samlinga i 2024! Kjempestart! 👏😁

Tema var UFO eller pågåande og nye prosjekt! God aktivitet og god "søje!"

Takk til kaffivertinnene, Elin og Else!👏

Liv Ingunn Holvik, som skal halde veskekurs, var innom og ga god informasjon om kurset ho skal ha for oss den 17. og 24. januar. Vi gledar oss!



Til inspirasjon........... frå Vis og fortel! 


                                       

                                                    Toalettvesker til "Søstre for søstre"

Toalettvesker til "Søstre for søstre"















Kanskje ein juleaktivitet? 



Denne flotte veska har Liv Ingunn laga,  og det er den vi skal sy på kurset!



Dette etuiet til sakser kan bli ein kjekke aktivitet på ei klubbsamling. Annlaug sin modell!


tirsdag 12. desember 2023

Kva skjer etter jul?

10. januar vert det samling på GU, som vanleg kl. 18.00 Tema er UFO! Vi tek med alle uferdige prosjekt  og syr i lag!

Så blir det veskekurs med Liv Ingunn Holvik den 17. og 24. januar. (meir informasjon finn du på innlegget nedanfor)

Årsmøte blir onsdag 7. februar kl. 18.00 på GU. Innkalling og sakliste kjem etter jul.